VELKOMEN TIL HELGATUNLIA!

Helgatunlia er eit nytt fritidseigedomsprosjekt i hjarte av Myrkdalen i Voss kommune. Feltet ligg plassert like ovanfor Helgatun fjellpensjonat, midt i alpinbakken og med nærleik til langrennsløypene i Åmotslia, ligg alt til rette for gode opplevingar for deg og dine kjære om vinteren. 

Helgatunlia ligg òg midt i eit attraktivt turområde for både korte og lange turar, ein godt eigna stad for rekreasjon og opplevingar gjennom heile året. Me er stolte av å kunne presentera eigedomsprosjektet og håper du vil finne ein fritidsbustad som passar for deg og familien din. Leilegheitane vil få pen og moderne standard, med gode kvalitetar. 

Myrkdalen er eit eldorado for skiglade då det er eit av dei mest snørike områda på Vestlandet. Du har alle valmoglegheiter for store og for små, med flotte skitrekk, langrennsløyper, terrengpark, Årmotslia med lysløype, skiskyttararena og freestyle arenaområde for å nemne noko. 
Sjølve skiløypa går forbi Helgatunkaféen. Ny skibru er ferdig og klar til bruk. Denne går no like nedanfor Helgatunlia. Føretrekker du sommarsesongen er det like flott å halda til i Helgatunlia, med nydelege turområde som mellom anna Vikafjellet rett i nærleiken. Her kan du òg ta med fiskestong dersom du vil fiska aure til middag. Eller ta deg toppturar til Bjørndalskamben, Svolefjell og Finnbunuten.

Utvendig er det lagt til rette for møteplassar som skal møte behovet til ulike aldersgrupper med varierte leikeplassar for livsglad utfolding. Det er òg planlagt gode møteplassar der fellesskap rundt bålpanna skal vera mogleg. 

Prosjektet er organisiert som eit burettslag og har utspring frå Helgatun Fjellpensjonat som er drive av Indremisjonssamskipnaden.

Pris frå - til

3 950 000  - 6 900 000

Storleik frå - til

65 - 120 kvm og 2 - 3 soverom

BILDER FRÅ HELGATUNLIA - BYGGETRINN 3

I utviklinga av Helgatunlia har kvalitet og behova til familiar vore viktige. Det har i dette byggetrinnet resultert i 12 leilegheiter som vil møta ulike behov, både kva gjeld dei innvendige løysingane og fellesområda utanfor

finn di drøymeleileghet

Bruk vår leiligheitsvelger til å finne den leiligheiten som passer deg best

VIDEO AV BYGGEPROSJEKTET I HELGATUNLIA

Familiar skal kunna vera saman og dela opplevingane. Leilegheitsbygga i Helgatunlia vil vera tilpassa landskapet og innehalda gode kvalitetar når det gjeld materialval og utforming. Leilegheitene vil få ein fin og moderne standard, med gode kvalitetar.

Live Feed

Se bilde live fra byggeplassen
Kamera

Kontakt Oss

Odd Inge Austevoll

Prosjektleiar

Telefon 926 27 332
post@helgatunlia.no

Bjørnar Berg

Eigedomsmeklar, Kaland & Partners

Telefon 488 88 468
bb@kapa.no

Yvonne Halvorsen

Eigedomsmeklar, Kaland & Partners

Telefon 918 42 972
yh@kapa.no

cross